God sommar!

 

Når vi no nærmar oss sommaren, ser vi tilbake på eit halvår prega av høg aktivitet, nye samarbeid og viktige satsingar. Gjennom prosjekt, faglege arenaer og kunnskapsdeling har Hub for Ocean arbeidd for å skape nye moglegheiter for verdiskaping og leggje grunnlaget for framtidas næringsliv. 

Strategi og vidare utvikling 

Ei viktig oppgåve denne våren har vore arbeidet med ny strategi. Vi ser eit stort potensial i å knyte næringar tettare saman, byggje vidare på verdikjedene og samarbeida som allereie er utvikla, og skape verdi av ressursar som tidlegare ikkje har vore utnytta fullt ut. For å styrkje dette arbeidet gjer vi også organisatoriske endringar som skal leggje betre til rette for samarbeid, meir målretta innsats og utviklinga av Hub for Ocean i åra framover. 

Styret og administrasjonen samla seg til strategisamling i Ålesund og Ørsta. Der diskuterte vi korleis Hub for Ocean skal utvikle seg vidare, og korleis vi best kan bidra til å byggje vidare på moglegheitene, samarbeida og verdikjedene som allereie finst i regionen. 

I samband med styreskiftet vil vi rette ein stor takk til Cecilie Koch Hatlebrekke for innsatsen hennar som styreleiar. Gjennom engasjementet og bidraga sine har ho vore med på å styrkje Hub for Ocean si rolle som ein viktig møteplass for samarbeid og utvikling. Samstundes ønskjer vi den nye styreleiaren vår, Gunnar Stein Hareide, varmt velkomen. Vi ser fram til å vidareutvikle Hub for Ocean saman med han i tida som kjem. 

I løpet av våren har vi også ønskt Nextlayer, Sofira Maritime Innovation og Agera velkomne som nye medlemmer. Saman med resten av nettverket styrkjer dei fellesskapet med verdifull kompetanse, erfaring og nye perspektiv på tvers av næringar og fagområde. 

Møteplassar for samarbeid og omstilling 

Våren har vore prega av fleire store samlingar. Eit av høgdepunkta var lanseringa av det nye konseptet vårt, HubSirk. Over to dagar samla vi aktørar frå ulike næringar for å utforske korleis ressursar som i dag ofte blir rekna som avfall, kan få ny verdi. Arbeidet handlar om å identifisere og realisere nye verdikjeder til ulike sidestraumar i regionen, og å sjå nærare på korleis samarbeid kan bidra til meir sirkulær verdiskaping. 

Saman med Kinn kommune arrangerte vi også workshopen «Slam som ressurs». Her samla vi offentlege og private aktørar for å diskutere korleis avløpsslam og fiskeslam kan gå frå å vere ei utfordring til å bli ein ressurs. Workshopen la til rette for offentleg-privat samarbeid og ei felles forståing av utfordringar og moglegheiter knytte til slamhandtering og ressursutnytting. 

Eit anna høgdepunkt var The Maritime Hydrogen Conference, som i år markerte 10 år. Jubileet fann stad i Kalvåg under temaet «10 years back. 10 years forward.». Her samla vi visjonærar, pionerar og industrileiarar som gjennom det siste tiåret har arbeidd for å drive fram den grøne maritime omstillinga. Gjennom erfaringar, refleksjonar og diskusjonar fekk vi både sjå tilbake på det vi har lært, og løfte blikket mot vala som må takast for å drive utviklinga vidare. 

Aktivitet og utvikling hos medlemmene 

Det har også skjedd mykje spennande hos medlemsbedriftene våre. Tersan Havyard skal byggje om tre ferjer for Fjord1, medan Brødrene Aa i Hyen har sikra seg ein storkontrakt med Fjord Shuttle AS om bygging av ny båt. I Kalvåg er arbeidet med ny fiskerihamn eit viktig steg for vidare utvikling av maritim næring og aktivitet i regionen, og på Holmaneset har Statsforvaltaren stadfesta Bremanger kommune sitt vedtak om å godkjenne reguleringsplanen for Fortescue si planlagde hydrogen- og ammoniakkfabrikk. 

Vi er òg stolte over at Havland blei kåra til Månadens bedrift av NHO Vestland. Gjennom våren har vi dessutan løfta fram fleire medlemsbedrifter i eigne bedriftsportrett, mellom anna Havtech og Hellenes. Historiene viser breidda, kompetansen og innovasjonskrafta som finst i nettverket vårt. 

Vi ser fram mot hausten 

Mot hausten og vidare tek vi med oss den nye strategien som grunnlag for arbeidet framover. Vi skal ha endå sterkare fokus på samarbeid, byggje vidare på verdikjedene og relasjonane som allereie er utvikla, og styrkje det regionale arbeidet som bind næringar, kunnskap og ressursar tettare saman. Slik skal Hub for Ocean halde fram med å bidra til grøn omstilling, innovasjon og berekraftig verdiskaping langs kysten. 

Hub for Future blir ein viktig arena denne hausten, og blir arrangert 14.–15. oktober. Denne gongen flyttar vi konferansen ut av regionen og til Fosnavåg, i samarbeid med ÅKP. Arrangementet blir ein del av arbeidet med å styrkje samarbeidet regionalt og samle aktørar på tvers av næringar til nye samtalar, innsikt og felles utvikling. 

Takk til alle medlemmer, samarbeidspartnarar og støttespelarar for engasjementet og innsatsen så langt i år. Vi ønskjer dykk alle ein riktig god sommar! 


God sommarhelsing frå Team Hub for Ocean/Ocean Hyway Cluster

 
 
 
Next
Next

LH2 Shipping secured Enova support for two additional liquid hydrogen-powered bulk carriers and continues to lead the way in decarbonising shortsea shipping