Back to All Events

Digitalt prosjektverkstad

Prosjektverkstaden er eit tilbod til aktørar i Vestland som vil lære meir om å strukturere og planlegge eit forskings- og innovasjonsprosjekt i næringsliv eller i offentleg sektor. I forkant av prosjektverkstaden vil det vere eit kort informasjonsmøte om aktuelle finansieringsmoglegheiter for FoU-prosjekt.

Kurset vil vere nyttig ved søknader til Regionalt forskingsfond Vestland eller Forskningsrådet om innovasjonsprosjekt i næringsliv eller i offentleg sektor.

Informasjonsmøte

I forkant av prosjektverkstaden vil det vere eit kort informasjonsmøte om moglegheiter for finansiering av FoU-prosjekt. Du treng ikkje å ha deltatt på informasjonsmøtet for å delta på prosjektverkstaden.

Prosjektverkstad

Prosjektverkstaden består av to delar: sjølve kurset og eit tilbod om individuell samtale med ein rådgjevar.

Del 1 Kurs: Gjennom eksempel lærer du om korleis få fram kva sentrale oppgåver prosjektet skal løyse, og korleis planlegge arbeidet. Du vil få råd om korleis strukturere opp eit prosjekt.

Del 2 Individuell samtale: Har verksemda di ein konkret prosjektidé du vil diskutere, og ønskjer råd og rettleiing om? Vi stiller med rådgjevarar med god kompetanse på forskings- og innovasjonsprosjekt i næringsliv og offentleg sektor. Meld frå i påmeldingsskjemaet for å avtale eit slikt møte. Andre som skal delta i prosjektet kan også vere med i desse møta.

Previous
Previous
June 13

1st German Norwegian Hydrogen Forum

Next
Next
June 24

Hydrogen opportunities in France with Innovation Norway